UiB : Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet : Skolelaboratoriet i realfag

Kart og reisemåtar til Fossevatna naturreservat

Buss
HSD-buss går frå perrong 15 Bystasjonen i Bergen klokka 07.30. I Knarvik er det overgang til HSD-buss til Feste. Avstgning på Ytre Fosse ved skilt til Fossevatna ca. 08.40. Frå Ytre Fosse er det ca. 1 km å gå til parkeringsplassen ved Fossevatna. Transport frå Fossevatna til Alversund skule for inneøkta blir ordna. Buss attende til Bergen går frå Alversund skule 16.15. Bussen er i Bergen 17.15.

Eigen bil
Ved bruk av eigen bil kan ein køyra opp til parkeringsplassen ved Fossevatna. Parkeringsplassen er den offisielle oppmøtestaden for kurset. På kartet er Fossevatna merka med nr. 16, parkeringsplassen ligg vest for området.

Frå Bergen
Køyrer du frå Bergen, tek du vegen forbi Åsane og over Nordhordlandsbrua. Rett etter neste bru (i rundkøyringa rett før Knarvik) tek du til venstre, skilta Radøy. Ved Isdalstø tek du til venstre, skilta til Radøy. Ca 5 kilometer etter Knarvik kjem du til Alversund, du ser ei kvit kyrkje på høgre side av vegen. Ta til høgre i krysset rett før kyrkja, skilta til Lygra. Køyr 4 kilometer til Ytre Fosse. Like ved busstoppet Ytre Fosse tek du til høgre, skilta til Fossevatna. Derifrå er det 1 kilometer til parkeringsplassen. Det nederste kartet viser turen frå avkøyringa ved Knarvik. Til Fossevatna er det ca 36 kilometer, og det tek omtrent 40 minutt å køyre frå Bergen.