Fossevatna naturreservat, Lindås Ferskvannsøkologi i Fossevatna, Lindås




UiB : Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet : Skolelaboratoriet i realfag

Ferskvannsøkologi i Fossevatna, Lindås

Dato: 3. juni
Tid: 09:00-16:00
Sted: Fossevatna ved Alversund
Kursleder: Leif Ragnar Fiske, Alversund skule og Olaug Vetti Kvam
Målgruppe: Lærere i alle skoleslag
Kursavgift: Ingen kursavgift
Påmelding: Det er ledige plassar på kurset. Send påmelding til telefaks 55589681, telefon 55582227 eller e-post post@skolelab.uib.no.

Fossevatna naturreservat
Fossevatna ligg om lag 7 km nord for Knarvik, i eit dalføre mellom Fosse og Seim.
Les meir om Fossevatna naturreservat, Lindås

Kurset vil bli ein kombinasjon av praktisk feltarbeid, innsamlingsmetodikk og gjennomgang av dei artane me finn. Me vil også bruke digitalt kamera til dokumentasjon av det me finn, og legge registreringane inn i databasen til Nettverk for miljølære.

Program

09:00-09:15

Velkommen
Introduksjon og gjennomgang av dagens program. Registreringar frå feltarbeidet vil bli gjort i desse aktivitetane i Vannprogrammet i Nettverk for miljølære:

Aktuelt bakgrunnsstoff:

09:30-12:00

Praktisk feltarbeid
Hovudvekt på innsamlingsmetodikk og dei vanlegaste artane og gruppene.

12:00-12:45

Lunsj
Me et ute, ta med matpakke

13:00-14:00

Laboratoriearbeid på Alversund skule
Me ser på det innsamla materialet. Bruk av luper og bestemmingslitteratur.

14:00-15:30

Internett og database
Me legg inn det me har funne i databasen til Nettverk for miljølære. Resultatet av arbeidet i denne økta er at registreringane frå Fossevatna blir presentert på Internett med artsobservasjonar, bilete og kommentarar. Til slutt bruker vi databasen til å sammenlikne resultata frå dagens feltarbeid med registreringar andre stader i landet.

15:30-16:00

Korleis bruke dette i eiga undervisning?
Diskusjon og erfaringsutveksling. Gjennomføring av ekskursjonar med ein klasse. Bruk av Nettverk for miljølære som verktøy for å bygge opp skulen si eiga objektsamling på internett, med oversikt over dei områda som elevane undersøker i feltarbeidet.

Kart og reisemåtar til Fossevatna naturreservat

Utstyr
Kursleiarane syter for håvar, plastbakker, pinsettar og ein del handbøker. Har du ein høveleg feltflora, kan du godt ta den med. Det same gjeld handlupe og kikkert. Vi håpar på godt ver, men kan ikkje garantera noko. Kle deg difor etter tilhøva. Sidan vi skal vera i eit våtmarksområde, er gummistøvlar ikkje så dumt.

Skolelaboratoriets etterutdanningskurs
Skolelaboratoriets kurs tar sikte på å gi deltakerne praktiske kunnskaper som skal kunne anvendes i egen undervisning. Alle skolelaboratoriets kurs er åpne for lærere i alle skoleslag, oppgitt målgruppe er veiledende.