Incline – kva skjer med vegetasjonen på fjellet i eit varmare klima? Undervisningsverkstad på FP-dagen

Korleis endrar vegetasjonen i fjellet seg når klimaet blir varmare? Dette spørsmålet undersøker Incline, eit forskningsprogram på Institutt for biovitskap. 

Programmet omfattar fleire typar studier. Nokre stader er plantedekket dokumentert lang tid tilbake, og forskarane kan gjenta undersøkingane og registrere endringar. Det går også an å setje opp eksperiment for å sjå kva som skjer i eit fjellplantesamfunn om vilkåra endrar seg. 

Transplant er eit slikt eksperiment. Forskarane flyttar heile torvar med plantar frå lokalitetar lågt nede til høgt oppe – og motsett. Plantane kjem til miljø som kan vere varmare, våtare, eller både. Ein annan metode er å setje opp plexiglas-veggar kring ein sekskant  på bakken. Innafor veggene blir det eit par gradar varmare. Her kan ein så renske plantedkket heilt vekk i ei rute, setje låglandsplantar i ei anna, eller la artar ein vikl undersøke nærare vekse åleine i ei. 

På fagleg-pedagogisk dag inviterte Incline til orientering om programmet, og til samarbeid om undervisning. Ragnhild Gya og Joachim Töpper viste førebels resultat, og orienterte om det vidare arbeidet i programmet. Skular som var representerte fekk framlegg til eigne eksperiment, og kontakt med forskarane. På kursdagen ble i det arbeidet med fleire mogelege arbeidsfelt:

  • eksperiment i klasserommet
  • planteforsøk nær skulen
  • eigne ekskursjonar til fjellet
  • besøk til forskarane sin lokalitet på Vikafjellet
  • bruk av forskningsdata, etter ‘ekte-data’-modellen
  • Lenke til heimesida til Incline: 

https://www.uib.no/en/rg/EECRG/114810/incline