Biologisk mangfald på naturfag 1


Blå isbitar som smelter i ferskt og salt vatn er ikkje den mest opplagte innleiinga til eit biologikurs -men øvinga seier så mykje om korleis vi arbeider på kurset, at vi startar med den likevel: 

Observasjonen er at isbiten som ligg i glaset med saltvatn, smeltar sakte, og at det farga smeltevatnet legg seg oppå saltvatnet. I glaset med ferskvatn går omrøringa og smeltinga raskt. Diskusjonen går om årsaka til skilnaden; korleis kan vi forklara det vi har observert, med dei kunnskapane vi har?

Vi overfører arbeidsmåten og tankegongen til undervisning om biologisk mangfold. Dei store spørsmåla er kring oss; artar blir utrydda i ekspressfart, Amazonas brenn, areal blir nedbygde. Ungdomen er engasjert, og vår oppgåve som naturfaglærarar er å bringe kunnskap og ferdighet inn i arbeidet for ei berekraftig framtid. 

Olaug Vetti Kvam frå Skolelaboratoriet deler tankar om kvifor temaet er viktig, og om undervisninga:

Biologisk mangfald er høgt oppe på det dagsaktuelle og politiske sakskartet. Rett før sommaferien kom FNs naturpanel med sin første rapport. Naturpanelet arbeiderer parallelt med FNs klimapanel. Rapporten har dramatiske tal; ein million artar er truga, 75% av miljøet på land og 66% av det marine er omfattande endra av mennesket si verksemd. 1 million av verdas 8 millionar artar kan bli utrydda, i Noreg kan meir enn 2000 artar forsvinne. Like etter sommarferien kom også klimapanelet med ein ny rapport; om mat og landressursar. Store delar av jorda blir brukt til å produsere mat og klede til ei veksande befolkning. Skal vi ha nok til alle, alltid, må vi hindre avskoginga, ete mindre kjøt,opg redusere matsvinnet. Heilt inn i kursveka vår ser vi så at Amazonas brenn. 

Vern av det biologiske mangfaldet fører til interessekonfliktar. I skulen skal vi bidra med kunnskap, og vi skal la elevane oppleve at dei store spørsmåla i vår tid ikkje har enkle løysingar – dei gir tvert om dillemma, som vi må leve med, og takle. Elevar er engasjerte i det som angår dei, og vi kan starte undervisninga om biologisk mangfald, og utfordringane verda har, med å gjere tydeleg korleis trugsmål mot naturen angår oss direkte. Så finst det store og gode ressursar for undervisning. FN.no har filmar, kart, og fakta for klasserommet. Naturfagsenteret har eit omfemnande og detaljert undervinsningsprogram om naturmangfald. Vi har òg Miljølære, som lar elevane delta direkte i arbeidet med kunnskap om norsk natur, kopla også til artsdatabankens artskart. 

Med dette bakteppet, og med tanke på å starte med det enkle og nære, delte Ragnhild Hannaas fra Skolelaboratoriet ei undervisningshistorie med deltakarane. Ein skole i Lofoten interesserar seg for planane om ny veg gjennom området. Elevane høyrer på forvaltninga sine planframlegg, og dei undersøker kva konsekvansar veganlegget vil få, på brei basis. 

På bakgrunn av foredraga, og historien, drøftar deltakarane eiga undervisning. Kva positive muligheter har kvar skole for å drive undervisning om biologisk mangfald med nærmiljøet som startpunkt, og med elevane som aktive deltakarar? 

Kontakt med forvaltninga i kommunen er viktig for nett dette punktet, at elevane skal vere med i den aktuelle og verkelege demokratiske prosessen kring arealforvaltning og naturmangfald. 

Anders Søyland arbeider i Bymiljøetaten i Bergen kommune, og fortalte i eit foredrag om korleis naturforvatninga arbeider. Etaten gir råd i kommunale planprosessar. Dei tilsette gjer eigne undersøkingar, og dei bruker kjelder som Artskart for å vurdere naturtypar og artsmangfald der det blir vurdert arealendring eller inngrep. Formidling til folk i kommunen er viktig, og det kan absolutt vere aktuelt å samarbeide med skuleklassar – slik det blir gjort for eksempel i programmet ‘Bergensvassdrag’.

Naturfaglæraren skal bidra med kunnskap, har vi sagt. Det er viktig å vite både kva faktakunnskap forskninga gir oss, og korleis forskarane arbeider for å kartlegge og forstå biologisk mangfald. 

Joakim Töpper er forskar ved NINA og UiB, og kan gi førstehands oppdatering: 

Naturpanelets rapport viser at det skjer stor endringar i det biologiske mangfaldet i verda. Når vi skal forske på samanhenger, kan det skje på fleire nivå, frå den einskilde organismen sin økologi, til populasjonsnivå og vidare heilt opp til den globale økologien. Skal vi se etter endringar, må vi òg velge metodetilnærming. Ved hjelp av tidsskalaer kan vi kartlegge ebdring over tid. Det kan vere at eit område er granska nøye for 50 – 100 år sidan. Gjer vi den same screeninga no, får vi eit bilete av endringa i økologien. Manglar vi tidsseriar, kan vi sette opp eksperiment. Ein måte er å simulere tid og klimaendring ved hjelp av geografi. Botanikarane flytter plantar frå eit sett klimatilhøve, til eit anna. Dei tar då med seg ei heil torv frå ein plass med tørt, kaldt klima, til eit som er tørt og varmt – eller t.d. vått og varmt. Dette kan skje ved å flytte frå låglandet til fjellet, frå aust til vest eller omvendt. Resultata så langt tyder på at eit varmare klima endrar konkurransen, slik at områda blir meir produktive, og får nye artar.

Forskning på natur i Noreg har liner direkte til forvaltningsnivået. Det er sett i gong eit omfattande arbeid med kartlegging, NiN (Natur i Norge)-programmet. Landskapet blir delt inn i 7 hovudgruppetypar, som ‘våtmarkssystem’ eller ‘fastmarkssystem’. Under desse er det 92 hovudtypar, og 741 grunntypar. Kvar av desse blir granska for økologisk tilstand, ut frå eit sett kriterier. Mellom kriteria er fordeling av biomassen i trofiske nivå, primærproduksjon, abiotiske tilhøve og forekomst av viktige artar. 

Dag 2 av kurset var lagt til ei anna UiB-avdeling – Botanisk hage på Milde. 

Jorunn Nyhlén er fagdidaktikar på institutt for biovitskap, og innleia om uteskole-metodikk. Ho viste til korleis hjernen vår fungerar; vi belønner oss sjølve med dopamin når vi får ting til, meistrar og hugsar. Ute i naturen ser vi skilnad på farga blomster og frukt, og det er evolusjonsmessig viktig for oss å skilje mellom giftige og spiselege plantar. Desse prinsippa kan vi bruke i opplæringa; elevar som er engasjerte, finn ut av saker, finn artar som appellerar og koplar inn eigne tankar, lærar betre. 

Utearbeid i botanisk hage kan ta mange vegar. Hovuddelen av feltarbeidet på kurset, dreide seg om eit todelt oppdrag; kartlegge ein bestemt plantegruppe, og vurdere undervisning innafor temaet. 

Tema var 

  • raudlisteartar, 
  • framande artar, 
  • spiselege eller giftige plantar, 
  • urtidsplantar,
  • norske trær. 

Resultatet av feltarbeidet og drøftinga blei lagt fram for andre deltakargrupper på dag 3. Då blei også funn fra feltarbeidet registrert på miljolare.no, ein viktig ressurs for elevane sitt arbeid med berekraftig utvikling. Artskort frå Miljølære var med på å målstyre og rettleie feltarbeidet, og kan vere eit godt verktøy nå elevar skal arbeide med liknande oppdrag.

Eit viktig føremål med vidareutdanninga er å utvikle eigen praksis. Deltakarane arbeider saman i små grupper, som lagar, prøver ut og reflekterer over god naturfagundervisning. Resultata blir summerte opp i ein artikkel, som blir lagt ut til deling. Som avslutning på kurssamlinga orienterte Ragnhild Hannaas om skriving av fagtekstar. Råd om kjeldebruk, sitat og referansar gjer det enklare for dei som skriv å både vere formelt korrekte, og gjere teksten lett tilgjengeleg for målgruppa. 

Legg igjen en kommentar