Femteklassingar opplever matematikken

Teatertrupp i 1800-talskostyme på trappa til Lønningen Lystgård
Elevane blei ønskte velkomen til Botanisk hage og Lystgården av herskapet sjølv, direkte frå 1800-talet.

Abeldagen i botanisk hage blei ein læringsfest.

Programmering direkte på grasmarka, finne fram i labyrinten eller løfte to personar – ingenting er umogeleg når elevane og vitskapen arbeider saman. 

Barn bruker vasslange for å få drift på eit lite kraftverk
Det var stor stas å få lys i alle pærene samstundes, med elektrisitet frå kraftverket

Abeldagen 2019 blei arrangert i botanisk hage på Milde. 152 elevar leika, diskuterte og rekna seg gjennom ei løype med seks utfordrande stasjonar:

  1. Labyrint. Barlind-labyrinten veks høgt over hovudet på tiåringane, og det krev kløkt å finne fram

  1. Kraftverk. Få vatnet til å drive skovlane, kobe leidningane riktig og få det til å lyse i tre lyspærer – alt på 15 minutt.
  2. Kalenderpaviljongen – gå inn døra med årstalet du er fødd, finn ditt teikn for dato og finn kva vekedag du er fødd, før du går ut riktig dør
  3. Arbeidsmaskinene. Bruk vippedisse, løftekran eller taøje til å løfte tunge saker. Overraskande nok må du tra inn 12 meter tau for å løfte trestubben 3 meter opp med talja.
  4. Programmering. Følg løypen på marka, og opplev korleis datamaskina eigentelg verkar
  5. Fartsmåling. Bruk Vilvite si elektroniske bilbane, og rekn ut kva fart modellbilane har. Eller bygg tredimensjonale polygon med sugerør. 

Med berre eit kvarter til å løyse oppgåvene og ha det kjekt på kvar stasjon, blei det ein fartsfylt og innhaldsrik dag for elevar og lærarar frå skulane som deltok. For arrangørane frå Matematisk institutt, Abelkomiteen og Skolelaboratoriet var det imponerande og inspirerande å sjå kor raskt og fornuftig elevane fann ut av postane og løyste utfordringane. Dei viste samarbeidsvilje og pågangsmot, og evne til å ta i bruk av fagkunnskap frå skulen. 

Abelprisen er ‘matematikkens Nobelpris’. I år blei prisen, 6 millionar kroner, tildelt den amerikanske forskaren Karen Keskulla Uhlenbeck. Uhlenbeck var til stades på Milde, og gjekk rundt til elevane som arbeidde i løypa. Ho var tydeleg imponert over kva dei unge elevane fekk til: ‘But this is difficult, it’s not obvious at all’ kommenterte ho, då ho såg korleis tre ungar lynraskt kopla opp kraftverket og parallelkopla tre lyspærer. 

Du kan lese meir om Abelprisen og Karen Uhlenbeck på nettsida abelprisen.no. Nettsatden har ei eiga skuleside, med oppskrift på uteaktivitetar og andre engasjerande oppgåver. 

Professor i matematikk ved UiB, Hans Zanna Munthe-Kaas leier Abelkomiteen på vegne av Det norske vitenskapsakademi. Han har også teikna labyrinten som innleia matematikkløypa på Abeldagen. 

Nokre av installasjonane frå dagen blir ståande i Botanisk hage, til glede for besøkande, og til nytte for skuleklassar. Naturen, plantelivet og undervisningsressursen er der alltid. 

Botanisk hage og Arboretet si nettside.