Ingenting i biologien gir meining unntatt i lys av evolusjonsteorien.

Det kjende sitatet er frå T.Dobzhansky

Jordas utvikling, frå ei glødande eldkule 4.5 milliarder år tilbake, til den blå og innbydande planeten vi kjenner i dag, er ei innfløkt og spanande historie. Geolog og vitskapsformidlar Kikki Kleiven gjekk gjennom forteljinga om jorda i løpet av 2 inspirerende kurstimer. I løpet av den tida det har vore liv på jorda, har det vore 5 store masseutryddingar, korte periodar der store delar av det dåverande plante- og dyrelivet forsvann. Alle kjenner til utryddinga av dinosaurane og deira miljø for 65 millioner år siden, dette var den til no siste. Spørsmålet er om vi står midt oppe i den sjette utryddinga, biologane meiner at artane forsvinner raskere nå enn i dei tidlegare utryddingane. 

Terrariet er ei øving for klasserommet. Eleven lagar og forklarar kva som er beste tilpasning for mijløet som er etablert.

Den eldste perioden av jordas historie kalles hadeicum, etter Hades, herskeren over dødsriket. Jorda var ugjestmild og glødande. Likevel, allerede i neste periode, Arkeikum, finn vi blågrønalgar avsatte på havbotnen. No aukar oksygeninnhaldet i atmosfæren. I neste tidsperiode, Protorezoikum, får jorda og atmosfæra ei samansetning som liknar den vi har i dag. For 542 millionar år sidan kjem vi inn i phanerozoikum, som vi er i framleis. Den startar med kambrium, og vi går gjennom periodane vi kjenner fra lærebøkene; ordovicium, silur, devon, perm, trias, jura,kritt – og vi er fremme ved dinosaurane si undergong og begynner på meir ‘moderne’ tid, dei siste 65 millioner åra som blir delt inn i epoker. Den siste har vore holocene. Dei fleste er nå samde om at vi har kome inn i menneskene si tildsalder – antropocene. Vår verksemd, med landskapsendring, drenering, bygging og artsutrydding, gir jorda spor for all fremtid, og definerer ein ny geologisk tidsperiode – skapt av mennesket. Vi ser konturane av en sjette utryddinga. Studiet av dyrelivet etter den femte utryddinga, då dinosaurane forsvann, viser korleis evolusjonen favoriserte ein spanande livsformer og tilpasningar. Fossil og heile skjelett er bevart, vi kan sjå dei i museum og på nettstader. Naturhistorisk museum ved UiO har for eksempel gode illustrerte sider om jordas utvikling

skjelett av ein hegre på blå kartong
Utforskande undervisning: funnet av eit hegreskjelett førte til denne montasjen

Evolusjonen er hovudtema for neste fagforedrag på kurset, Nina T.Mikkelsen si forelesning om art, arv og evolusjon. Geologar og utviklingsbiologar arbeider med fossil, noveranda artar, cellebiologi og studiar av populasjonar for å kartlegge livets utvikling. Arvematerialet, DNA, med variasjon og endring er utgongspunkt for evolusjonen. Det skjer mutasjonar, og einskilde individ er betre tilpassa endringar i miljøet enn andre. Dei ulike måtane organismar reproduserar, vil óg favorisere dei som er best eigna til å overleve i miljøet. Det vil skje i genetisk drift, der arvematerialet blir distribuert i populasjonen. Dei fleste artar gir opphav til langt meir avkom enn det som kan vekse opp – ofte millioanar. Naturleg utval gjer at dei best eigna klarar seg, og gir opphav til betre tilpassa individ i neste generasjon. Nina Mikkelsen diskuterte óg artsomgrepet. Forståinga av kva ein art er har endra seg. Definisjonen var at individ som liknar kvarandre, og som kan få fertilt avkom, er av same art. I vår tid er det DNA-sekvensering som avgjer arten. Det pågår eit stort arbeid både i Noreg og internasjonalt for å artsbestemme og barkode artane. Endra økologiske rammetilhøve gir utviklingn av nye artar. Dette kan vere geografisk eller biologisk isolasjon. Artar døyr ut, og det er eit spørsmål om, og korleis, vi skal prøve å ta vare på, artar som ikkje er levedyktige utan hjelp frå menneska. 

Utviklinga av universet er ei anna, lang historie. Kjartan Olafsson fra institutt for fysikk og teknologi er astrofysikar, og gjekk gjennom hovudtrekka i den nær 14 milliarder år lange utviklinga. Ei gasståke er opphav til stjerner og planetar. Tettare område i gassen har større gravitasjon, og trekker til seg partiklar. Det blir oftast danna fleire mindre stjernesystem av ei slik gasståke.  

Forskarane brukar kraftige teleskop for å sjå ut i rommet – og tilbake i tid. Det viser seg at alle objekt vi finn, fjernar seg frå oss. Det er likevel ikkje slik at jorda, eller noko anna himmelobjekt, er sentrum. Universet ekspanderar, og yttergrensa for det rommet vi kjenner er no 1026 meter unna oss. Ulike berekningsmåtar tilseier at universet er 13.7 milliarder år gamalt. 

Undersøkingar av spiralgalaksar viser at de roterer fortare enn massen vi målar skulle tilseie. Det må vere meir masse enn den vi kan sjå, mørk materie. Det er også slik at universet si utviding går hurtigare og hurtigare – noe som viser at det også må være mer energi enn den vi kan måle – mørk energi. Universet har fleire mysterier til oss – som spørsmålet om det er liv andre stader i rommet. Det blir brukt mykje ressursar på å finne planetar som kan eigne seg, eksoplanetar. Til no er det funne 3872 slike, med vilkår mykje lik dei som er på jorda. 

Naturfagkursa legg vekt på å utvikle god metodikk, og starte diskusjonar om korleis tema frå samlingane kan bli tilrettelagt for klasserommet. Ei øving tar opp temaet ‘tilpasning’. Det er laga 8 terrarier med ulike livsmiljø; ørken, strand, jungel og fleire. Ei gruppe skal kome fram til korleis den optimalt tilpassa organismen for miljøet skal vere, og lage planten eller dyret i plastelina. Skriftleg og munnleg skal gruppa gjere greie for den evolusjonære tilpasninga. 

Til temaet ‘arv’ er det laga eit brettspel, arvespelet. Her utvekslar deltakarane eit sett gen, og avgjer nye generasjonar sin genottype og fenotype. Etter 4 generasjonar er nokre eigneskapar ute av slekta, medan andre kjem meit til uttrykk. 

Frå Universitetsmuseet har kurset lånt programmet ‘tenner og tilpasning’. Ut frå tenner, og hovudskallen elles, skal deltakarane diskutere korleis dyret si tilpasning er; er dette ein predator eller eit byttedyr, kva er dietten, og korleis er det tilpassa miljøet. 

brettspill med 60 brikker
Arvespelet er utvikla ved Skolelaboratoriet

Nøkkelkort og omgrepskort er materiell som er meir generisk, denne gongen brukt for å sortere, definere og bearbeide ord og omgrep i evolusjonsbiologien, som overkrysning, isolasjon, genetisk drift, seleksjon, likevekt, art, mutasjon. 

Ein eigen sesjon retta merksemd mot arts- og naturutryddinga som skjer i verda i dag. WWF har kome med sin ‘living planet report’, der det heiter at dyrelivet på jorda er redusert med 60% sidan 1970. The Guardian skriv i ein reportasjeserie at mennesket har utrydde 83% av alle pattedyr og halvparten av alle planteartar som har levd på jorda. 

Vi er inne i den sjette utryddinga, og øydelegg vårt eige livsgrunnlag – om vi ikkje møter også denne katastrofen med kunnskap. Naturfagkunnskap. 

Vedlegg