Utforskande arbeidsmåtar, fysikk og besøk til Veritas på naturfag 1

Elevane har ulik fridomsgrad i arbeidet sitt. Vi kan bruke styrte læringsprosessar aktivt i opplæringa: La elevane kome med framlegg og idear, diskutere og prøve ut løysingar. Undervegs kan vi ha planlagte stopp eller innsnevringar av arbeidsmåten, stille oppfølgjande spørsmål og ha støttande samtalar. På siste samlinga på naturfag1-kurset prøvde deltakarane ut tre tema som kan egne seg for eit slikt styrt, men likevel utforskande arbeid.

Tre grupper fekk kvar si oppgåve: konstruer ei firskoren talje, finn ein metode for å måle farten og akselerasjonen på ein ball, og finn eit vis å rekne ut kor mykje last ein sjølvlaga båt av aluminiumsfolie kan bere før han søkk. etter idémyldring og skisse til løysing kom gruppene saman, forklarte tenkinga si, og stilte oppfølgjingsspørsmål til kvarandre. Like før konstruksjonane var ferdige, var det ei ny slik konferanse, med kritisk gjennomgang av løysinga. 

Utforskande, men styrt arbeid, var óg arbeidsmåten i ein ettermiddag med praktisk elektrisitetslære. Like lyspærer vil lyse ulikt om dei er kopla i serie eller parallelt – ein observasjon som kan vere ein inngong til å forstå meir om samanhengen mellom spaning, straum og motstand. Basert på desse koplingane kan elevane ha meir fri utforsking i oppgåva med å kople krinsar i eit modellhus. Fungerar lysopplegget dersom det er seriekopla? Bør vaskemaskina, simulert i modellhuset med ein elektromotor, ha eigen krins?

I læringsteorien blir omgrepet ‘synleg læring’ brukt ofte, om enn med andreord og formuleringar. elevane må fortelje korleis dei oppfattar kunnskapen, kva dei har forstått, og vise kva språk dei har til å tenke og bearbeide lærestoffet med. Med ei enkle optikkøving som døme, utforska kurset korleis elevane kan lage eigne filmar, podcasts og teikning for å verbalisere, vise og få korreksjon på forståinga si i ein sosial fellesskap.

Naturfag og naturvitskap i verkeleg bruk i samfunnet er eit ledetema i vidareutdanninga. Kurset dette året blei avslutta med eit besøk hos Det Norske Veritas – GL. I verkstadene på Marineholmen blir det drive testing av material og overflatebehandling, feilsøking og korrosjonstest. Med bakgrunn frå ein eigen, enkel korrosjonstest med offeranodar, er det ineteressant å sjå korleis grundig testing og dokumentasjon på dette feltet er avgjerande for offshoreverksemd og skipsfart. DNV-GL er eit verdsomfemnande klasse- og testselskap, som sertifiserer materialbruk og system innanfor mange samfunnsområde. Naturvitskapleg kunnskap, og grundig systematikk i testregime og dokumentasjon er avgjerande for selskapet sin autoritet. For lærarar og elevar er det viktig å ha kjennskap til korleis naturfaget er med på å drive det høgteknologiske samfunnet – eit besøk i verkstaden kan gi perspektiv til opplæringa.