Oppleving, erfaring og læring – kursdag på Museumvest

 

40 undervisningsprogram, fordelt på 7 avdelingar i Hordaland – Museumvest har noko for alle skular, trinn og fag. Ein ettermiddag på Fiskerimuseet i Sandviken får lærarar frå fylket prøve ut nokre av programma. Kvar kjem du elles frå fuglelivet året rundt på Herdla, til livet i havet utanfor Øygarden og vidare til verdiskapinga i oppdrettsnæringa på 3 timar?

Herdla er eit eventyr for fugleobesrvasjon og kunnskap. Å kjenne att artar og krysse av. er ein sak. Å lære om tilpasning, årssyklus, økologi og særtrekk gir meir meining og verdi til kunnskapen. Lars Ågren frå Herdla museum er leiar av Ornitologisk forening ig Hordaland, og viste korleis elevane kan lære å kjenne og forstå fuglane betre. Gjennom året vekslar artsmangfoldet i fjæra og på sletta. Vadarane kjem i tusental om våren, småfuglane trekker flokkvis om hausten, innimellom dukkar meir sjeldsynte artar opp. I tillegg har Herdla krigsminne, eit levande kulturlandskap og spanande natur i museumspakka.

I Øygarden er naturleg nok havet eit viktig tema. Disseksjon av fisk, med fagkunnskp som støtte, gir elevane ein anatomi- og tilpasningsleksjon dei vil hugse. Lars Ivar Dale og Marianne Lindgren viser og forklarer ytre og indre organ, slik at også røynde naturfaglærarar på kurs lærar nytt og ser aktiviteten med nye auge.

Men Øygarden er meir enn fisk, og Kystmuseet har fleire tilbod. Kommunen er ein stor energileverandør i Europa, og dei to store terminalanlegga for olje og gass gir perspektiv på utviklinga; frå torvbrenning for to-tre generasjonar sida, til gassrøyrledningane og supertankarane i dag.

Fiskerimuseet held til i dei gamle sjøbuane ved Sandvisktorget i Bergen. Fjæra tett ved er startpunkt for nokre av tilboda ved museet. Fjæra er ein tøff stad å vekse opp, med store krav til tilpasning. Marte Mjånes Torkildsen viste ein elevaktivitet som emngasjerer om dette temaet: Bygg ditt eige plastelinadyrt! Du må ta omsyn til uttørking, prefatorar, mattilgong, saltvatn, og alle andre utfordringar norskekysten gir.
Innandørs fekk naturfaglærarane prøve ut ‘Fin City’ – ein digital by der heile verdiskapingskjeden i oppdrettsnæringa er illustrert som eit golv-til-tak dataspel. Du styrer utviklinga av fisken frå stryking av rogn og melke, gjennom smoltanlegg og merd, og fram til marknaden.

Aktivitetane ga glimt av programma musea gir tilbod om til skular i fylket. Nettportalen gir oversyn og besitllingsside for alle avdelingar og program: museumvest.no

Museet utviklar eg, og vil snart ha fleire spanande installasjonar og tilbod. I Sandviken er det planlagt ein pir, der elevane kan kome under vassfklata og sjå oppdrett ‘frå innsida’. I tillegg blir det mogeleg å dra ut til visningsanlegg. Nettportalen skl òg utvidast, til å gjelde museer over heile landet. Gitte Bastiansen smiler entusiastisk og litt løyndomsfullt til slutt; vi har tydeleg mykej bra i vente!