Utdanning for berekraftig utvikling i Den naturlege skulesekken

Ark med tekst problemløysing
Kaféaktiviteten er inretta på å drøfte handlingskompetanse hos elevane. Ark som dette går rundt i gruppene, og alle skriv på sine framlegg.

 

Undervisning for berekraftig utvikling er overordna tema for skulane sitt arbeid i Den naturlege skulesekken. På samling for vestlandsskulane i september var det naturleg å drøfte eigne prosjekt i eit berekraft-perspektiv. Prosjekta skulane har i gong er i høg grad retta inn mot UBU. Skular og prosjekt som var representerte på samlinga:

Ålfoten oppveksstenter – Lokale mattradisjoanr i bygda. Elevane utforskar samanhengen mellom naturressursar og mat for menneske.

Flora Ungdomsskule – Skifte frå petroleumsindustri til grøne næringar. Elevane undersøkjer korleis vi kan nytte kompetanse frå oljendustrien til berekrfatig utviklling med fornybar energi.

Torvmyrane skule –  Bør vi dyrke poteter i Noreg? Elevane samarbeider med Kystmuseet om å dyrke potetar, og undersøkje korleis menneska skaffar seg mat.

Eikefjord barne- og ungdomsskule –  Vår eigen mathage. Elevane utviklar og driv ein økologisk kjøkenhage.

Luster oppveksstenter –  Forbruk og berekraftig framtid. Elevane skal lære å ta val som gir vinst for mijø, samfunn og økonomi.

Fauskanger barne- og ungdomsskule – lokal matproduksjon. Elevane skal lære om korleis jorda har vore dyrka på Herdla, og korleis ein kan drive økologisk matproduksjon.

Skranevatnet skole – Uteskole. Elevane skal bruke nærområet i utforskande feltundervisning.

Søråshøgda skole – En grønnere skole. Elevene skal få verktøy slik a dei kan vere med på å gjere skulen meir miljøvenleg.

Skogsvåg skule – Mennesket og naturen. Elevane lærer om korleis mennesket hauster frå jord og hav, og korleis naturen blir påverka.

Storebø skule – Havet som ressurs og nabo. Elevane lærer om berekrfatig forvaltning av ressursane i havet.

Malmanger skule – Frå fjord til bord. Elevane skal arbeide ute, og dei skal lære om kva som påverkar fiskebestanden i fjorden.

Solvang skule – Samansette problemstillingar i uteområdet ved skule. Elevane undersøker konsekvensane av ein planlagt turveg.

Jørpeland ungdomsskule – Frå jord til bord. Elevane skal arbeid med lokal matproduksjon og avfallshandtering for å forstå dei globale berekrfatproblema.

Øygard ungdomsskule – Frå brakkmark til berekraft. Elevane skal omdanne et område ved skulen med monokultur til eit plantesamfunn med auka biodiversitet.

Husabø skole – Redd insekta! Elevane får kunnskap om bier og andre insekt si rolle i matproduksjonen

Berekraftig utvikling- omgrepet skriv  eg frå Verdskommisjonen for miljø og utvikling – kjend som Brundtlandkommisjonen.  Miljøomsyn er viktig og naudsynt – men ikkje tilstrekkeleg for å sikre ei berekraftig framtid. Olaug Vetti Kvam viste i eit foredrag på samlinga til tre pillarer, og tre stadier, i den berekraftige utviklinga. Eit  tiltak eller fenomen må vere akseptabelt både sosialt, økonomisk og miljømessig om det skal vere berekraftig. ‘Enough for everyone, always’ er ei flimrande kortfatta definsisjon på ei berekraftig verd. Mahatma Ghandi sa det like treffande: ‘we have enough for everyones need, but not for anyones greed’.

Med elevane må vi arbeide med utvikling av forståing for berekraft. dei må kunne rydde i omgrepa; kva argument for og imot eit tiltak høyrer heime i det samfunnsmessige, økonomiske eller miljmessige området? Det neste er å identifisere det konfluente området, der alle omsyna er ivaretekne samstundes. Berekraft, og UBU, må opgså ha eit handlingselement. Det er lite hjelp i om folk skjøner kva som må til, dersom ingen gjer det som skal til. Elevane må få oppleve at deira val og handlingar betyr noko, dei må ha håp og tru for framtida.

Gjennom strukturte økter for erfaringdeling, utvikling og drøfting engasjerte Karoline Mihle-Koller deltakarane til samtale og gjensidig inspirasjon. Kafé-oppsett blei brukt til å reflektere om sosiale ferdigheter som er viktige i UBU:

  • Samarbeidsevner
  • problemløysing
  • kritisk tenking
  • framtidstenking
  • kommunikasjon
  • systemtenking

Linda Mork Knudsen viste med eit praksiseksempel korleis læaren kan knyte saman dei tre pillarane, fasane og ferdighetene som må vere med i UBU. Elevane hennar på mellomtrinnet arbeidde over lang tid med plastproblematikken. Dei lærte om materialet, bruk, produksjon og avfall – før dei gjennomførte plastrydding i nærmiljøet. Prosjektet ga elevane kunnskapar, ferdigheter og haldningar gjennom eige engasjement og deltaking.

‘Enough for everyone, always’