Folgefonnsenteret


Folgefonnhalvøya og Hardangerfjorden er tema for det nyopna senteret i Rosendal. Det heile tar til for 1,5 milliardar år sidan, i det som i dag er Antarktis. Kontinent oppstår og startar ei langsam vandring mot nord. Undervegs søyter kontinetalplatene mot kvarandre, dei blir snudde om, søkk ned og stig opp att. Det som no er Vestlandet blir forma gjennom millionar av år med erosjon.

 

og 40 istider. Ein instruktiv film som er laga for Nasjonalparken visualiserer utviklinga og oppbygginga av halvøya. Utstillinga i senteret gir oss fakta, bilete og gjenstandar frå botnen av fjorden, til bygdene, fonna og fjellet. Historia er vist i eit interaktivt historiehjul, der du kan la tida dreie 10000 år med dei 360 gradane rundt.

Folgefonna dekker 200 kvadratkilometer av halvøya. Den har ei dramatisk historie, og UiB har mykje forskningsinnsats om endringar i den enorme ismassen. Folgefonna har ikkje same utvikling som innlandsbreane. Som kystnær bre har den vakse også i tider der dei andre gjekk tilbake. Med klimaendringane no, skjer det likevel dramatiske endringar under – og i utkantane av breen. Oppdemt vatn kan kome veltande, elver finn nye løp, brearmar forsvinn.

Også i Hardangerfjorden endrar ting seg. Fjorden er 1000 meter djup langt inne, i munninga er det tersklar på 150-200 meter. Oppvarming, fiskeoppdrett og industripåverknad gir endra livsbetingelser. Eit forskningsprogram frå UiB studerer endringane.

Fellesnemnar for det meste på Vestlandet, i Hardanger og på Folgefonnhalvøya er vatn. Ein del av utstillinga viser korleis rikeleg tilgang på ferskvatn, vassdraga og breen, påverkar både landskapet og mennesket sin bruk av landet.

Deltakarane på Skolelaboratoriet sine vidareutdanningskurs fekk med seg inntrykk som dette, på avsluttande ekskursjon midt i juni. Som ekstra bonus kom ei vakker båtreise til og frå, lunsj på kaien i den vakre bygda, og eit glimt frå sjøen inn mot Milde og Espegrend, der Naturfag 1 og Naturfag 2-kursa startar opp til hausten.

Rosendal er òg ei bygd med stolte båtbyggartradisjonar. Galeasen ‘Loyal’, der Skolelaboratoriet tidlegare har vore på dekk med kursverksemd, er bygd her. Tradisjonen blir  ført vidare med bygging av ‘fritt-fall’-livbåtane.