Samansette problemstillingar i Den naturlege skulesekken

pp-foredrag
Karoline Mihle-Koller viser struktur og eksempel på argumenterande skriving

Skolelaboratoriet var arrangør av regionssamling i Den naturlige skolesekken 15.mars

Tema for dagen var tverrfaglege, utforskande og sammensette undervisningsprosjekt – med UBU-siktemål.

Innleiing med samtale om rapporten, Linda Mork-Knudsen.

Bruken av undervegsrapport og sluttrapport. Sjå på rapporten og rapportmalen som verktøy. Dei skal både gi retning til arbeidet, skape medvit og sosialisere skulen inn i tenkinga om den utforskande undervisninga og UBU.

Bruk rapportmalen som startpunkt, sjå på målsettingane og finn frem til fornuftige prosjekt for din skule.

Samansette problemstillingar i berekraftig utvikling, Olaug Vetti Kvam.

Elevane vil gjerne ha enkle svar, men tema vi arbeider med har ikkje enkle løysingar. Verda elevane skal leve i blir stadig meir kompleks. Forskarar arbeider med korleis vi skal lære oss å handere kompleksitet og usikkerhet. Prinsippa for berekraftig utvikling kan vi formulere som ‘nok for alle – alltid’. Vi kan sjå dette som målet for all undervisninga vi driv. Berekraftig utvikling har tre pillarar; økonomi, samfunn og miljø. Tiltak kan gjerne vere bra for miljø, samfunn eller økonomi uten å vere berekraftig – avdi dei andre elementa manglar. Det fører ikkje til så mykje å sortere i dei tre boksane – det er når vi finn fellesområdet, der alle tre omsyna er ivaretekne, vi oppnår berekraftig utvikling. Økonomi er no den dominerande sektoren, vi treng ein større miljøsektor, altså meir miljøomsyn.

Hensikten med undervisning om samansette problemstillingar er å gi elevane kunnskap for å kunne vurdere og argumentere kring slike problem.

Døme på samansette problemstillingar kan vere ‘korleis kan vi hindre bieutrydding?’, ‘Bør vi bygge vindturbinar på Flishovda?’

Enkle problem kan bli formulerte presis, dei har eintydige svar, medan dei samansette problema har diskuterbare svar, som ikkje utan vidare kan bli etterprøvd. Vi skal leite etter dei komplekse problemstillingane i prosjekta våre, for å gi elevane trening i å sette seg inn i slike, argumentere og vurdere.

Kvar er så di samansette problema i prosjekte i Den naturlege skulesekken? Deltakarane arbeida i grupper med å identifisere problemstillingar klassane kan arbeide med.

Utforskande arbeidsmåtar er eit anna berande element i UBU. Basert på 5E-modellen blir det presentert eit verktøy, ein loop, for elevane sitt utforskande arbeid:

Det blir vist døme på korleis elevar kan arbeide både med påstandar og argument, og med utforskande feltarbeid, ved hjelp av verktøyet. Deltakarane kan deretter arbeide med å finne fram til forskbare spørsmål, eller endå betre: korleis elevane kan formulere spørsmål, i prosjekt skulen har. Gjennom eigne diskusjonar og rettleiing kan elevane gå vidare gjennom stega i arbeidsmåten. Dei blir engasjerte, og dei lærar både fagstoff og om vitskapleg arbeidsmåte.

Gruppediskusjon om skulenae sine prosjekt i Den naturlege skolesekken viste at det er stort rom for utforsking. Spørsmålet som blir stilt vil avgjere korleis dei neste grøne rutene blir fylte ut; spørsmålet ‘er for mykje plast i omløp’ krev ai anna form for undersøkjing og datasamling enn spørsmålet ‘kva vil det føre til å etablere ein ny gangveg gjennom naturområdet ved skulen’.

Argumenterande skriving i UBU, Karoline Mihle-Koller:

Argumenterande skriving blir raskt eit element i elevarbeidet. Eleven arbeider fram mot eit tverrfagleg produkt. Teksten er basert på kunnskap, argument og analyse, og har berekraftig utvikling som bakgrunn for vurderingane. Elevprodukt kan ha fleire former. Film, foto, modellar, eller ein tekst i fagartikkelsjangeren, alt basert på eigne observasjoner og analysar.

Med å bruke tid og ta inn alle omsyn som UBU krev, går elevane meir i dybden med fagtoffet, og arbeider analytisk og argumenterande. Skrivearbeid er strukturert og rettleia. Eleven noterer først sine viktigaste punkt, og lagar så setningar og avsnitt ut frå dei. Innleiing og avslutning blir sett til, og teksten heng saman. Fleire fag kan bidra til den argumenterande skrivinga, slik at eleven får oppleve samanheng mellom faga. Revidert læreplan bygger mellom anna på prinsippet om at faga skal eige tema, men ha samanheng.

Elevane våre vil møte mange samansete problem og dillemma. Å setje dei i stand til å vurdere, argumentere og ta avgjerder der dei populistiske løysingane er for enkle, er det viktigaste vi kan gjere for dei.

pp-foredrag
Linda Mork-Knudsen viser bruk av modellen for utforskande undevisning