Solceller og skipsbygging på Naturfag 1

880 rutemeter solceller dekkertaket på det nye bygget ‘Basen’ på Marineholmen i Bergen. Det norske veritas har flytta inn i bygget, som har fleire unike miljøtiltak. Bygget blir kjølt av vatn frå byfjorden gjennom eit pumpe- og varmevekslingsanlegg, det har fjernvarme frå forbrenningsanlegg, og det har dobbel fasade. Ei ekstra glassvegg er montert ein halvmeter utanfor ytterveggen, som ein buffer for oppvarming. Veggen kan opnast og lukkast etter behov.

Solcelleanlegget produserer 10% av bygget sitt el-forbruk. Sjølv ein kald oktobermorgon, før solen har fått tak, leverer anlegget bra. BKK har prosjektert energiløysinga, mellom anna ved hjelp av data frå vêrstasjonen på Florida og eigen stasjon på bygget. Det er meininga å samanhalde målingar av innstrålt energi med levarenase frå solcellene, for å samle erfaring.

For deltakarane på vidareutdanningskurset fall det naturleg å starte teknologisamlinga i oktober med omvisning på ‘Basen’, med orientering om energiteknologien i bygget.

I læreplanen er ‘undersøkjing av teknologi’ eit målpunkt, som skal gi bakgrunn for elevane si eiga konstruksjon og bygging. Slik blei det òg på teknokurset sin første dag; deltakarane konstruerte og bygde bruer med materiell fra Statens vegvesen. Med gjennomtenkt konstruksjon og sold samanføying kan ei modellbru i tre bere to vaksne personar. For å knyte an til fysikken, monterte kursdeltakarane strekklappar i kritiske punkt i bruene, og målte kreftene som verker, ei oppgåve som gir elevane både erfaring og tal å arbeide vidare med. Ei ekstra utfordring var å bygge ei mekanisk heisinnretning med metallbyggesett, etter eigen patent. Også i denne oppgåva må kunnskap om fysikk, matematikk og kreative ferdigheter i bruk om produktet skal halde mål. Slike praktiske oppgåver gir elevane høve til å vise eiga forståing, utvikle idear og løysingar, korrigere mot argument og utprøving, og slik utvide kunnskap og forståing.

DSC03136

DSC03153

Mange unge ønskjer å jobbe med ”data og sånn”. Turbo Tape Games er eit selskap som har drevet med utvikling av dataspel i ein årrekkje. Spelutvikling krevjar meir enn fantasi og gode idear. Matematikk og fysikk er sentrale fag som vert nytta til berekningar i spela og som alle i utviklingsteamet må ha ein forståing av.

2016-10-10 20.35.36

Programmering er ikkje berre utvikling av dataspel. Programmering kan også være å lage automatiske system som styrar verkelegheita. Ein Arduino er ein billeg inngang til denne verda. Dette er ein mikrokontrollar som kan programmerast i eit grafisk grensesnitt. På samlinga ble det vist eit eksempel på korleis ein arduino kan nyttast som ein del av eit automatisk vatningsanlegg.

DSC03165

DSC03166

I design av modellbåtar har ein også bruk for matematikk og berekningar. For at båten ikkje skal tippe rundt, men ligge stabilt i vatnet, må det reknast ut kor djupt båten ligg i vatnet og kor mykje ballast ein må leggja i kjølen. Samtidig må mekanikken fungere og motoren må klare å drive propellen på ein effektiv måte. Konkurranse om beste båt gir ein ekstra motivasjon til arbeidet med båtane.