Vatn til bergensarane og vatn til verda

Bilde1

‘Neste globale konflikt vil gjelde vatn, garantert’ seier Einar Høgmo i Bergen vann til 35 lærarar frå dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Fredag 6.november ga UiB, som kvart år, tilbod om fagkurs over eit breidt felt. To av kursa dreide seg om vatn, og gjekk føre seg på vasshandsamingsanlegget ved Svartediket i Bergen.

Først orienterte driftsingeniør Paula Pellikainen om anlegget på Svartediket, og om kvifor rensing av vatn er viktig. Ureint drikkevatn er ei kjelde til sjukdom og død rundt i verda. Det er viktig å skape ei hygienisk barriere mellom kjelda og brukarane. Den kan fjerne smittestoff, algar og utslepp.

Korleis gjer ein så dette i Bergen?

For det første er tilsiget av god kvalitet, det er nedbør som renn til som overflatevatn.

Vatnet blir tatt inn djupt, i Svartediket på 27 meter. Aktiviteten rundt kjelda er regulert. Vassmengda i bassenget er stor målt mot uttaksmengda: ein tappar 5 cm i døgeret.

Inne i anlegget har ein fleire steg i prosessen:

1 – Fjerne humus, som består av langkjeda partiklar som er svakt negativt ladde. Organisk materiale i vatnet gir farge, og kan vere kreftframkallande. Metoder for å fjerne humus er koagulering, direktefiltrering og menbranfilter.

2 – Vatnet blir tilført klor, som er ein kraftig oksidant

3 – Det blir tilsett ozon

4 – Vatnet går gjennom eit biofilter, med bakteriekultur

5 – UV-filter desinifiserer vatnet, med energidoser på 40J/cm2.

Vatnet har no låg pH, som blir justert i mineralfilter. Her blir vatnet silt gjennom kalksteinfilter, der det blir felt ut kalk som gir høg pH og blautare vatn.

Ute i leidningsnettet blir det halde overtrykk – for å unngå innsig av ureint vatn der det er lekkasje. Svartediket leverer 40.000 tonn vatn i døgeret, men har kapasitet til det doble.

For naturfag- og kjemilærarar i vidaregåande skule er det ikkje vanskeleg å sjå at store delar av pensum er relevant.

Det er difor stor interesse når Einar Høgmo, informasjonsleiar i Bergen Vatn, fortel at anlegget gjerne tar i mot skuleklassar. Elevane får foredrag og omvisning i anlegget.

Høgmo går vidare inn på vassressursar og forbruk i verda. Berre 2,5 % av vatnet på jorda er ferskt, og av dette er det meste grunnvatn. Personforbruket i Noreg er 170 liter i døgeret, ikkje så ille i verdssamanheng – der det er overforbruk av vatn. Noreg har 10 gonger så mykje nedbør som gjennomsnittet, i Bergen får vi 2250 mm i året. Bergen Vann produserte 35 milliarder liter vatn i 2014, på sine 5 anlegg.

Lærarane fekk så gå gjennom den omvisninga elevane får inne i fjellanlegget. Det er imponerande dimensjonar, og ei ukjend verd for dei fleste. Saman med kjemi, teknologi, historie og næringsmiddelkunnskap blir omvisninga god og engasjande undervisning for elevar på dei fleste trinn.

Neste kurs på Svartediket denne dagen har tittelen ‘Vann lokalt og globalt’

Sølve Sundsbø frå Hordaland fylkeskommune orienterer først om den lokale vassforvaltninga. Den følgjer opp EUs vassforskrift. Miljøtilstanden i alt vatn i Noreg er kartlagt, og blir følgd opp med tiltaksplanar. Hordaland er delt inn i 5 vassområde, som følgjer nedbørsfelta. Det er laga ei tiltaksanalyse i kvart område. Ein ser på kvalitetselement som plankton, bunndyr, fisk, og fysisk-kjemiske parametre. I område med sur nedbør eller framande artar blir det gjort særskilde risikovurderingar. I Hordaland er det urtfordringar knytta til oppdrett, vessføring i regulerte vassdrag, forurensing frå industri og deponi, ovegjødling og framande arter – og til Ubåten frå ander verdskrigen som ligg ved Fedje.

Dei globale interessekonfliktane, som Høgmo nevnte i innleiinga, blei nærare drøfta i foredraget til Olaug Vetti Kvam frå Skulelaboratoriet i realfag ved UiB. Ho hadde først ei gladmelding frå feltet global utvikling: tusenårsmåla er i stor grad oppnådde. Å halvere andelen menneske som ikkje ahr tilgang til reint vatn var eit av måla, og dette blei nådd fem år før målsettinga. 91% av folkesetnaden i verda har no trygt drikkevatn. Den gode utviklinga har vore mogeleg avdi dei store landa – Kina og India, har tatt grep og sikra store delar av landa reint vatn.

Ei god kjelde til undervisning, og elevane si eiga utforsking av slike utviklingstema, er nettsida globalis, som Kvam framheva saman med andre, kvalitetsikra nettstader.

Ho viste også til UiB-forskaren Terje Tvedt sine bøker og filmar. Vatnets historie, og dei store interesskonfliktane kring denne avgrensa ressursen, er like aktuelt som då Tvedt publiserte arbeida sine. Og då er vi tilbake ved pensum i vidaregåande skule: studer ei global interessekonflikt, og korleis den blir handtert. Gjennom nettressursane som blei vist, er det mogleg for elevane å finne eige ‘vassforbruks-fotavtrykk’ (det kostar 140 liter reint vatn å produsere eit kilo kaffi), sjå kronologisk og kartfesta oversyn over konfliktar om vatn, eller sjå introduksjonsfilmar som triggarar til undervisninga.

—og etter alt vassfokuset kunne lærarane vandre ut til ein novemberdag med 14 varmegrader og det næraste vi kjem tørke i Bergen…