Naturfag for 2050

Kan vi dyrke nok mat til alle? Får vi bukt med forsøpling og forgifting

av miljøet? Kva skal vi ete om alle skal ha nok mat? Er marin mat svaret? Har klimaet gått amok? Fins det framleis privatbilar, eller kjem vi oss rundt på anna måte? Er mennesket kome til Mars, og dyrkar planter i drivhus? Er dagens sjukdomar utrydda? Kan vi få ei Pille for ‘alt’? Og korleis taklar vi eigenleg nye paradigme, omskifte i verda og revolusjonerande teknologi?

IMG_1580

Første kurssamling på Naturfag 2 videreutdanning såg på naturvitskapen med framtidsblikk.

Ida og Odin som går i 9.klasse i år, fyller 50 år. Verda dei lev i er forma av naturmiljøet, politikken og økonomien. Skulefaga skal setje dei i stand til å forme, drive og takle kvardagen, samfunnet og miljøet. Vi, storsamfunnet, her ei hensikt med å ha naturfag i skulen. Læraren må sjå framover, og tenke på Odin og Ida si framtid; kva skal dei med faget, kva skal dei lære?

Desse foredraga og aktivitetane utgjorde kursdagane for framtida:

Film med ungdomar frå Amalie Skram vidaregåande skule

Gro Nesse Bremer frå Universitetsmuseet viste korleis innføringa av segl endra historia, makttilhøve, landskap og levekår  Noreg kring år 700.Segl gjorde det mogeleg å kome lenger raskare – og det frigjorde plass i båten. Handel og tokt lenger ut i verda blei mogeleg – og starten på det vi kallar vikingtida. Å produsere eit stor ullsegl krev hundretals sauar, og dermed mykje landbruksareal. Fleire menneske er i sving i lang tid for å spinne og veve. Innføringa av segl fører altså til endringar både i levesett, sosiale strukturar og i jordbruket. I gravfunn frå denne tida ser ein at vevlodd og anna som var kvinnesaker før, no blir lagt ned med menn. Å eige segl ga tydeleg makt og rikdom.

Temminga av metalla, bronse og jern, var eit anna betydeleg sprang i teknologien. Ei god bronseøks var ein rikdom vi knapt kan forestille oss.

Med desse eksempla viste Nesse Bremer korleis framtida kom til fortidsmenneska, og endra samfunnet deira.

Professor ved kjemisk institutt, Leiv Sydnes sier at det foregår en ‘kjemisk krigføring’ på jordoverflaten. Stort sett er det oksygen mot resten av stoffene i det periodiske system. Mange nye stoff blir dannet, uten at vi vet alt om hvilke og hvordan. To eksempler: når vi hugger ned regnskog, overtar andre organismer, med andre karbohydrater som byggesteiner. Vi vet at olje brytes ned i sjøvann, men vi kjenner ikke alle reaksjonene som skjer.

60-70% av jordens befolkning vil etterhvert bo i megacities – det betyr et økologisk system i ubalanse. Vi prøver å dekke de basale behovene for alle – hus, mat, klær, rent vann. Overalt blir det kjemiske utfordringer, i produksjonen og i utslippene.

Kan vi skape bærekrfatige kjemiske produkter for fremtiden? Iupc har satt opp 12 kriterier for grønn kjemi. Målet er å bruke naturlige stoffer, bruke mindre eller ingenting av det som er skadelig, unngå opphopning i naturen og gjenvinne meste mulig. Den grønne kjmeien er beskrevet helt ned på atomnivå, og representerer et paradigmeskifte.

Professor emeritus ved NTNU, Tor Henning Iversen, arbeider med dyrking av planter i rommet. Frå plantebiosenteret i Trondheim styrer forskarane vekstuhuset på den internasjonale romstasjonen ISS. Målsettinga er å få til blomstring og frøsetting. Dersom menneske skal det Mars, krev det 500 døger med isolasjon i ein kapsel. På Mars er berre oppbunde vatn, og atmosfære utan oksygen. Dei som drar – og mange tusen har meld seg allereie – for einvegsbillett. Plantedyrking med regenerasjon er einaste måte å overleve. Iversen viset korleis forsøka på romstasjonen utviklar seg, og kva utfordringane er. Stråling frå rommet er ei, vektløyse ei anna. Forsøka på ISS viser at det er mogeleg å dyrke planter i kontrollerte veksthus i rommet.

Magnus Svendsen Nerheim frå biologisk institutt arbeider med plastforsøpling. Nerheim forklarte kva plast er – polymerer av hydrokarbon, og korleis all plasten vi omgir oss med kan bli problematisk. Mykje hamnar i havet, og blir ikkje brutt ned, berre mikronsiert. Nanoplast er påvist i organismer over heile verda. Det kan sjå ut som plasten finn vegen over til blodbanenne, men dette er det forska lite på. Plasten som driv i verdshava, blir gjengrodd av organsimar, som kan drive med og invadere nye område. Større plastbiter kan truge dyrelivet. Sjøfugl trur bitane er mat, og fraktar det med heim til ungane sine som fôr. Ungen svelgjer plastbiten, og kan ikkje kvitte seg med den. Det er dokumentert rystande døme på fuglekoloniar der individa er oppfylte med alt frå eingongslightarar til fiskesnøre. Sjå til dømes filmen frå Midwayøyane: https://vimeo.com/25563376

Professor ved biologisk institutt, Karin Pittman, foreleste om oppdrett i havet. Det meste av fiskeoppdrett rundt i verda er lågteknologisk,  enkle ferskvassdammar. Vårt høgteknologiske havbruk er unntaket.