Miljølære på naturfagkonferansen

Miljolare.no er norske skular sin reiskap for Utdanning for berekraftig utvikling. Nettstaden gjer det mogeleg for eleven å arbeide i reelle samanhengar med feltarbeid, naturforskning og samfunnsfaglege aktivitetar. På Naturfagkonferansen blei Miljølre presentert i to parallellsesjonar. Verkstaden ‘betre feltarbeid med Miljølære’ viste korleis lærarar ved å bruke Kartiskolen.no og miljolare.no kan planlegge, gjennomføre, registrere og arbeide vidare med klassens observasjonar ute.

Miljølære oppmoder til ein samfunnsaktivitet skule som tar nærmiljøet i bruk. Tanken er at elevane skal oppleve demokratisk deltaking, ikkje berre lære om samfunnet ikring seg.  Aktiviteten ‘Ekstremvêr og naturfare’ gir elevane høve til å vere med i oppbygginga av kunnskap samfunnet treng; kva verknader har dei stadig hyppigare vêrhendingane lokalt? Flaumar det over i bekken, eller fell tre over veger og kraftliner? Slik kunnskap er ikkje henta inn og systematisert i noko mon i dag. På Miljølære kan skular legge til sine observasjonar, og bidra til at forvaltninga får eit betre beslutningsgrunnlag. Elevane får òg innsikt i korleis haldningane til klimaendring er, og kva ein sjølv kan gjere for å redusere skadeomfanget om uhellet råkar.  Med tanke på det siste punkt har miljølære eit samarbeid med Finans Noreg, som oppmoder forsikringsselskap over heile landet til eit direkte samarbeid om undervisning. Ferdig opplegg for dette ligg på Finans Noreg sine heimseider. På konferansen blei samarbeidet, nettsidene og undervisningsprogrammet presentert av fagsjef Stein Haakonsen frå FNO, og av Miljølære.

Meir informasjon på miljolare.no, kartiskolen.no og fno.no.

Ekstremvêraktiviteten fins på alle nordiske språk, og er i bruk over heile Norden.