Elevar frå Tertnes videregående skole og Olsvikåsen videregående skole følger toktet i Danmarkstredet som ein del av undervisninga i geofag. Onsdag 31. august var dei på besøk på Universitetet i Bergen, der dei fekk høyre litt om den faglege bakgrunnen for dei målingane som blir gjort ombord på RV Knorr.
Svein Østerhus frå Berknessenteret/Geofysisk institutt gav elevane ei forelesning om havstraumar og korleis forskarane arbeider for å forstå meir av endringane i havet. Deretter gjekk me ned på Marineholmen, der elevane fekk sjå utstyr som blir brukt på tokt.
Inne på verkstaden fekk elevane sjå ein straummålar, som blir plassert inne i ein rigg som blir sett ut i havet.
Denne måleriggen er av samme type som blir brukt på toktet i Danmarkstredet. Det kan vere fleire instrument inne i ein rigg, som til dømes måler saltinnhald, temperatur og straum. Riggen blir senka langt under havoverflata, og står ute eit heilt år. Du kan lese meir om korleis riggane blir senka (og ikkje minst heva) i blogginnlegget http://skolelab.uib.no/blogg/danmarkstredet/2011/08/funnet-og-forlatt/
Kjetting blir brukt som anker og senka ned på botnen. Når instrumenta skal hevast, blir det utløyst ein festemekanisme på vaieren mellom instrumentet og ankeret. Det vil seie at all kjettingen blir liggande igjen på botnen. Dette er kasserte kjettingar laga av jern, og jern er det mykje av i havet. Det vil difor ikkje vere eit miljøproblem at dei blir liggande igjen på botnen.

Målerigg for vindenergi
Elevane såg også på ein målerigg for vindenergi som er brukt i undersøkingar for eventuell etablering av vindkraft.
Dagen etter besøket har læraren planlagt at elevane kan bruke geofagtimen til å stille spørsmål via bloggen til dei som er ombord på skipet.






